torsdag 23. mai 2019

(36) Møtestad - med Gud

23/05/19 Andakter på Sundeheimen og Tjørsvågheimen.
Dei fleste har ein mobil og har lett for å komme i kontakt med andre. Og dersom du ønsker ein prat ansikt til ansikt så er det bare å avtale sted og tid. Men korleis får du i stand ein møtestad  med Gud? Det hender sikkert at du svært gjerne skulle ha han i tale fordi du får ikkje kontakt med han ved dine bønner eller bibellesning. Jødene hadde fått ein slik møtestad i tabernaklet, og på Salomos tid i templet. Der kunne dei komme og bekjenne sine synder og bere fram eit lam som soningsoffer. Der kunne dei komme med sine bønner og få tilgjeving og nytt mot.
  Så kom Jesus som Guds bustad (telt) mellom menneskene. Han viste kven Gud var, og kom med nåde og sanning, som evangelisten Johannes skriver om. Han var møtestaden mellom Gud og mennesket. Men korleis er det i dag, etter at hans jordeliv tok slutt? Jo, "der to eller tre er samlet i mitt namn, der er eg midt iblant dei", sa han. Kva er det me kaller ein samling på 2-3 eller fleire? Me kaller det eit møte, ei forsamling eller menighet! Paulus seier at der dei truande kjem sammen i Jesu navn, der har dei gjerne ein andakt eller tale til trøst eller formaning, ei sang, ein tungetale eller tydning, eit skriftord eller lære eller personlig erfaring, ei takkebønn eller gråt over sine synder. Dette er møtestader der du har med Gud å gjere. Han høyrer dine nødrop, taler til deg gjennom andres bibelord og røynsle. I ei slik samling i Jesu navn, handler Gud! Sjå fortellinga om den verkbrotne i Matt 9, Jesu ord til han er blitt til velsigning for mange: "Vær frimodig, sønn. Dine synder er deg tilgitt!"

Ingen kommentarer: